Manger Musikklag er straks klar for Siddis Brass 2024. Det vert før-siddis-konsert på Skogen Sletta klokka 1600, og Manger sit på scena i Stavanger konserthus (Fartein Valen) klokka 15.30 den 2. november. Laget er også i år under leiing av kunstnarleg leiar, Allan Withington.
Siddis-programmet er i år planlagt, komponert og arrangert av Allan Withington, og handlar om livet til Oscar Wilde.
The Importance of being Oscar Wilde
Oscar Wilde sitt liv var kort og enda i djup fattigdom. Han vaks opp i Irland, adopterte England som sitt nye heimland, men enda opp ein annan plass. Han døydde som 46-åring, pengelaus, på eit billig hotell i Paris i 1900.
Dikta og sitata hans er legendariske. Romanen hans, The Picture of Dorian Gray, og nokre få mislukka forsøk som dramatikar førte til ein av hans mest populære teaterstykke, The Importance of Being Earnest. Han vart også parodiert i Gilbert og Sullivan si operette Patience gjennom karakteren Reginald Bunthorne.
I The Importance of being Oscar Wilde feirar vi irsk kunst, musikk og kultur, kombinert med påverknad frå hans adopterte heimland, England. Wilde hadde ein stor sans for humor, noko sitata hans tydeleg viser, i tillegg til ein fantastisk vittig måte å halde folk engasjerte i samtalar. Som redaktør snudde han heilt om på magasinet Women’s World, der han sa at han ikkje berre var interessert i kva kvinner hadde på seg, men kva dei tenkte og korleis dei følte. Han hadde heltar innan engelsk kunst og musikk, og vart ven med prominente musikarar, mellom anna Sir Arthur Sullivan.
Etter å ha blitt fengsla i to år med hardt arbeid for si opne seksuelle orientering, har han ofte blitt omtalt som: Den første moderne mannen.
Me gler oss og håpar å sjå mange i salen!