top of page

Tidenes beste 2024

Sundag 28. april var det endeleg duka for konserten "Tidenes beste", ein konsertserie Manger Musikklag har hatt tidlegare og som no er henta tilbake igjen. På konserten blei det spelt perler som er skrivne frå 1990-2000.

I Nykirken fekk ein mellom anna høyre verk frå store brassbandkomponistar som John Golland, Peter Graham, Philip Wilby og Torstein Aagaard-Nilsen. Aidan Smith spelte hornsolo på "Rainforest" frå det større verket Windows of the world. Konferansier på konserten var Brynjar Mjanger Eide.


Ekstra stas er det at Manger Musikklag var under leiing av dirigent Andreas Hanson. Dette er fyrste gong han har dirigert laget - eit møte me er svært takksame og glade for. Me vil takke Andreas for flott jobb fram mot konserten med masse gode råd, og me vonar han vil kome tilbake for å dirigere Manger igjen ved eit seinare høve. Tusen takk også til alle som tok turen til Nykirken ein sundag ettermiddag!


Det er framleis spanande ting som står for tur denne våren for Manger Musikklag; inspirasjonskveld for althornistar med Sheona White, sit-in med lokale skulekorps, MOT+Korps-dag med lokale skulekorps, før-NM-konsert med Manger Skulemusikklag og Europaturné. I veke 26 reiser MML til Nederland, Belgia og Frankrike for å spele konsert med store europeiske korps som Hauts-de-France Brass Band, Brassband Schoonhoven og Brassband Willebroek. Meir informasjon kjem seinare.

bottom of page