
MML på Landsfestivalen 2018
Den siste konserten vår for sesongen 2017-2018 er i Johanneskirken under Landsfestivalen i Bergen Her skal me halde konsert saman med klarinettisten Felix Peikli og organisten Frode Skag Storheim, og me har sett saman eit spanande og variert program som spenner frå jazz, klassisk brassband-repertoar, til orgelkonsert, og dirigent Martin Winter skal lose oss gjennom det heile. Me gler oss! Tidspunkt: Johanneskirken, Bergen Laurdag 30. juni kl 21.00 Meir informasjon om Landsfes

Siste konsert på Manger før ferien
Søndag 24. juni arrangerer MML konsert i Radøyhallen saman med Hordabø SML og Manger SML Både Hordabø skulemusikklag og Manger skulemusikklag er no inne i dei siste førebuingane til NM for skulekorps som vert arrangert i Bergen på Landsfestivalen 28. juni - 1. juli. I tillegg til at me får høyre desse korpsa framføre sine NM-program skal også Manger Musikklag ha ei avdeling under konserten, og det vert sal av kaffi og kaker i pausen. Vel møtt! Bill.: 100,- / 50,-. Skulekorpsm

Til minne om Sven Hermansen
Sven Hermansen, æresmedlem i Manger Musikklag, har gått bort. Musikant i Manger Musikklag i 30 år, dirigent for korpset i to av desse saman med mellom anna Tom Brevik, innehavar av ei enorm rekkje verv i organisasjonen vår gjennom ein mannsalder, eit av dei første styremedlemma i Brass Band Klubben, aktiv musikant i Manger Old Star Brass i mange, mange år, og ein sentral støttespelar for MML gjennom heile sitt vaksne liv; det er umogleg å omtale vår gode ven Sven utan å ta i