top of page

Eit av dei eldste og mest suksessrike brassbanda i Noreg

Skipa 22. april 1922​

Org. nr.: 984580045

Manger Musikklag (MML) høyrer heime på Manger i Alver kommune og rekrutterer hovudsakleg frå brassbandmiljøet i Nordhordland, og Bergen og omegn. 
 


MML har i ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Korpset har høg aktivitet med eit stort omfang konsertar og eit svært vidt repertoar, og har stadig besøk av velkjende og høgt meritterte dirigentar og solistar frå både inn- og utland. I løpet av ein normal sesong har korpset jamleg konsertar både innanfor Alver sine kommunegrenser og i Bergen, men reiser også vidt både nasjonalt og internasjonalt for å halde konsertar eller delta i konkurransar. Sidan 1983 har MML produsert 10 innspelingar i ulike sjangrar, dei fleste av av dei med ny musikk tinga av korpset.


Manger Musikklag er nasjonale MOT-ambassadørar og har sidan 2004 også arrangert sin eigen festival for ny musikk; BrassWind-festivalen.

bottom of page