top of page

Bokslepp 26. november

I samband med Manger Musikklag (MML) sitt 100 års jubileum i 2022 ynskte styret i MML å lage ei bok som skildrar denne unike historia. Det har blitt ei omfattande bok som også skildrar lokalsamfunnet i Nordhordland og viser tydeleg dei store endringane i samfunnet generelt over 100 år.

Manger Musikklag var frå første stund tufta på dugnad og arbeidet til eldsjeler. Ikkje alt har vore like godt dokumentert og tatt vare på. Det er viktig å få skrive ned historia om laget medan det enno er mogeleg å snakke med dei gamle som var med nesten frå starten.

I 2 år har denne gjengen jobba med prosjektet, det siste halve året har dei hatt møter kvar 14. dag, og lagt ned hundrevis av timar med arbeid. Ein har oppsøkt dei eldste og intervjua dei, gått gjennom gamle arkiv, leita i gamle permar, samla inn gamle program, artiklar m.m. Ei rekkje gamle medlemmer, dirigentar med fleire har skrive artiklar om ulike hendingar i historia. Ein har gått gjennom alle gamle utklippsbøker og fått dei digitaliserte, og det har vorte gjort omfattande søk på nett for informasjon. Det har vorte samla inn over 1000 bilete, og gjort eit omfattande arbeid med å få riktig kvalitet samt retusjering av øydelagde bilete. Ulike filmar og lydopptak er digitaliserte og gjort tilgjengelege i form av QR-koder til nettstad.


Boka får du kjøpt på konserten Klassiske Perler, 26. november i Knarvik Kyrkje.


Frå korps for bygda til brassband i verdsklassen

- Bok på 256 sider

- Unike bilete heilt frå 1922, alle personar med namn

- Komplett medlemsliste (bortimot)

- Komplett oversikt over alle konkurransemerittar

- Oversikt over alle dirigentar, æresmedlemmer, støttelaget, eldsjeler

- Unike skildringar frå starten i 1922, skildringar frå krigsåra, store og små hendingar gjennom 100 år

- Fleire hundre bilete er med i boka

- Komplette lagsbilete heilt frå 1980 der alle personane er namngjevne


Johannes Mangersnes, Sveinung Kvamme, Tor Skutle, Anne Kolstad Morken, Marianne Bratshaug Gjertsen og Tore Morken.

Comments


bottom of page