På sundag skal Manger Musikklag delta på minnekonserten for vår kjære Kim Lofthouse💚 I samband med dette passar det ekstra fint at to av våre tidlege CD-innspelingar, «Circius» og «the binding of the wolf» no er tilgjengelege for alle på www.wobplay.com. Kim Lofthouse dirigerer «Circius», medan David King og Helge Haukås dirigerer «Binding of the Wolf». Dette var ei tid der me hadde eit tett og svært godt samarbeid, og innspelingane ber med seg mange gode minne. Musikken og
*Alle foto: Sondre Villanger Håland Tradisjonen tru fekk Manger Musikklag starte sesongen med oppstartskonsert i Manger kyrkje. For oss er det alltid viktig å få opne sesongen heime på Radøy, og Manger kyrkje dannar ei flott ramme rundt konserten. I år vart det litt ekstra spesielt, da konserten kom få dagar etter bortgangen av Kong Harald. Konserten vart difor opna med å halde eitt minutt med stille, og med at MML, MSML og salen spelte og song Kongesangen som avslutning på k
For ei helg! Me har kickstarta ein ny sesong, og det har vore stor stas å samle både nye og gamle medlemmar til oppstartsseminar på Manger Folkehøgskule! Helga har vore fylt med sosialt samvær, leikar, latter og sjølvsagt mykje musikk! Me har hatt tuttiøvingar, men mesteparten av tida har gått med til arbeid i mindre grupper, med fokus på basics og på å spele oss saman som ensemble. Det har vore god tid til å gå i djupna på alt frå pust til positur til like ansatsar og balans