top of page

Julekonserten 2023

Så er julekonserten over for i år og me vil seie tusen takk til alle som delte kvelden med oss i Manger Kyrkje! Me set stor pris på at så mange kom trass i det dårlege veret me har hatt i helga.


Takk til Ingrid Karoline Kvalheim for nydeleg song. Takk til Brynjar Mjanger Eide som leia oss gjennom kvelden som konferansier. Ikkje minst vil me rette ein stor takk til vår kunstnarlege leiar, Allan Withington, som dirigerte og som jobbar så godt med oss heile tida. Til slutt vil me rette ein takk til Sparebanken Vest som har støtta konserten!


No ser me fram til ein kort juleferie før me for alvor startar øvinga mot NM brass 2024. God jul og takk til alle som har vore med oss gjennom 2023.





コメント


bottom of page