top of page

BrassWind 2023 - ein stor suksess

Helga 29. september til 1. oktober blei den 19. utgåva av BrassWind-festivalen arrangert. I år fant festivalen igjen stad i Åsane kulturhus, med heile 18 urframføringar og 12 konsertar på ei helg – noko som er ny rekord!

Festivalkunstnar - Nate Wooley Eit nytt element i BrassWind var at festivalen i år hadde festivalkunstnar, nemleg Nate Wooley, ein amerikansk trompetist. Wooley er bland dei mest ettertrakta improviserande instrumentalistane i verda. Han har vore profesjonell trompetist sidan han var 13 år gamal. Wooley har base i New York og er anerkjend som ei leiande stjerne som utforskar grensene for kva som er fysisk mogleg å oppnå med instrumentet. Nate Wooley spelte fleire gonger gjennom heile helga: fyrst saman med Ensemble Obsidian der dei urframførte eit nytt stykke av Craig Farr kalla «Head-relatet Transfer Functions». På laurdagen spelte Wooley ein eigen solokonsert, også her med urframføring av eit stykke av Craig Farr. I tillegg var Wooley med på konserten til Bergen Kornettensemble under Barnas BrassWind. Ei anna interessant oppleving var ein samtale med Nate Wooley og Craig Farr etter solokonserten. Her snakka Wooley mykje om eigen oppvekst, hans reise som musikar og korleis miljøet for å drive med samtidsmusikk er i USA i dag.

Rekordmange urframføringar og konsertar Programmet for BrassWind 2023 var ambisiøst og innhaldsrik – aldri før i festivalen sin historie har ein hatt så mange urframføringar og konsertar på ei helg. I år var det 18 urframføringar og heile 12 konsertar med både profesjonelle aktørar og amatørmusikarar. Sjøforsvarets musikkorps opna tradisjon tru festivalen fredag kveld, etterfølgd av ein konsert frå Ensemble Obsidian og Nate Wooley. På laurdagen fekk ein høyre Manger Musikklag, Bjørn Habbestad og Nate Wooley, Insimul Sinfonietta med John Derek Bishop, Omlyd og til slutt Bergen Big Band som spelte Knut Vaage sitt verk «Røter ll». Her var Frode Grytten og Anne Marthe Dyvi medverkande.

Barnas Brasswind På sundagen var det duka for Barnas BrassWind. Her fekk ein høyre ei rekke lokale korps frå amatørrørsla; Manger Skulemusikklag, Eikanger-Bjørsvik Musikklag saman med Hordaland Ungdomsbrassband, Bergen Kornettensemble og til slutt Midtun Skoles Musikkorps saman med Skjold Nesttun Janitsjar. Her er målet at born og unge også skal få eit innblikk i nyskapande og moderne musikk, og ikkje minst ser ein det som viktig at born og unge får spele saman med vaksenkorps. Eit anna viktig element i Barnas BrassWind var sjølvsagt at fleire av korpsa og ensembla fekk møte, oppleve og spele med Nate Wooley. I tillegg hadde Manger Skulemusikklag vore komponistar av eit eige stykke som dei skreiv i forkant av festivalen saman med komponist Tor-Erik Hellesen.

Hadde ikkje vore mogleg utan sponsorar BrassWind er ein stor og viktig festival for samtidsmusikk der unge og vaksne musikantar møtast, og der det profesjonelle møter amatørrørsla. Festivalen skapar rom for nye stemmar, ny musikk og gjev ei scene å stå på for både profesjonelle og amatørar. BrassWind er i stor grad drive av frivillige, men festivalen hadde ikkje eksistert utan sponsorar. BrassWind ønskjer difor å rette ein stor takk til alle som har vore med på å gjere festivalen mogleg. Ein ekstra stor takk til hovudsponsorane av festivalen: Grieg Foundation, Equinor, Norsk Kulturfond – Kulturrådet, Norges Musikkorps Forbund, Alver kommune, Begen kommune, Sparebanken Vest som har støtta festivalen! Takk også til Tertnes Holding, Dåvøy og Foss Musikk, Kulturoperatørene, Musikk-Miljø, Notebutikken, Noteservice, Bergen Hudlegeklinikk, Manger Tannlegesenter, Lindås VVS, Frantzen’s Gartneri, Manger Musikklag og Reklamehuset.


NESTE ÅR er det jubileum då festivalen skal arrangerast for 20. gong! Hald av helga 26.-29. oktober 2024.

bottom of page