top of page

Sesongopning med Manger Musikklag og Manger Skulemusikklag

Tysdag 15. august starta sesongen 23/24 for Manger Musikklag. Øvingslokalet var rydda og vaska for høvet. Tormod Flaten, ein kjent euphonist og dirigent, leier laget gjennom det fyrste prosjektet. Manger Musikklag er opptekne av å vere synlege på Radøy, difor er me glade for at sesongopninga finn stad i Manger Kyrkje, 27. august, klokka 17.00

Kontakt med skulekorpsa er viktig for Manger Musikklag Eit viktig mål for MML er å ha tett kontakt med skulekorpsa i regionen. Styreleiar, Marianne Bratshaug Gjertsen, seier at dette er eit fokuspunkt for MML i tida framover. Tradisjon tru, og heilt naturleg, er det difor å ha oppstartskonsert saman med Manger Skulemusikklag. Konserten er støtta av Alver ungdomsråd og under konserten kjem publikum til å få høyre solistar frå både Manger Musikklag og Manger Skulemusikklag. Begge korpsa speler ei avdeling kvar og konserten vil avslutte med eit fellesnummer.

Foto: MSML

Ei ekstra viktig sesongopning I år er sesongopninga ekstra viktig. Førre sesong fekk ein musikant i Manger Skulemusikklag påvist kreft. Det førte til at MSML ynskja å gjere ein forskjell. Skulemusikken starta aksjonen «Ta vare på flokken din» på Barnekreftforeningen si side, og har til no samla inn over 166.000 kronar. Manger Musikklag ynskjer å hjelpe til med denne aksjonen og vil difor donere eit beløp etter oppstartskonserten. September er barnekreftmånaden, så det verka naturleg å gjere dette no. Begge korpsa har førebudd seg godt med seminar på Manger som avslutta med felles øving på Manger barneskule, ei øving til glede for både vaksne og born. For å lese meir om og støtte aksjonen, kan du gå inn på denne sida: https://innsamling.barnekreftforeningen.no/team/ta-vare-pa-flokken-din-manger-skulemusikklag MML og MSML håpar mange vil komme på konserten – både for å høyre flott musikk og for å gje eit beløp til denne aksjonen. Velkommen til Manger Kyrkje!

bottom of page