top of page

Ståande applaus på sesongopning i Manger Kyrkje

Sundag 27. august var det tid for sesongopning i Manger Kyrkje. Manger Musikklag var for fyrste gong under leiing av Tormod Flaten, ein kjent euphoniumspelar og dirigent. Tormod har jobba nøye og godt med laget, og har sytt for at Manger Musikklag fekk ein veldig god start på sesongen. Me vil rette ein stor takk til Tormod og me håpar sjølvsagt at me får sjå han att ved eit seinare høve!

Konserten i år var ekstra spesiell. Det er fyrste gong på fleire år at MML kunne halde opningskonsert i Manger Kyrkje igjen etter pandemien og jubileumsåret i fjor. I tillegg til dette vil alt overskot frå konserten gå til barnekreftkampanjen til MSML, "ta vare på flokken din", https://innsamling.barnekreftforeningen.no/team/ta-vare-pa-flokken-din-manger-skulemusikklag OPPDATERING: Me er glade for å seie at heile 14.000 er donert til saka i etterkant av konserten!

Sara Hamre Sekkingstad var konferansier på konserten. Manger Skulemusikklag spelte ei eiga avdeling, der William Grøv Skramsett frå MML var med som solist. I avdelinga til Manger Musikklag var fleire solistar frå MSML med og til slutt kom høgdepunktet på konserten, nemleg fellesnummer med MSML og MML. Å spele i lag er givande både for skulemusikken og for musikklaget. Tettare kontakt med skulekorpsa er eit av fokuspunkta for MML i sesongene som kjem.

Det neste prosjektet for MML er Finale i #LydenAvUnge med nok eit nytt fjes som dirigent, nemleg Kjetil Djønne. Set gjerne av datoen allereie no!


📸Anne Kolstad Morken Photography

bottom of page